Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Forvaltningsplan

Glimmeråre
Glimmeråre, Foto: Asbjørn Børset


Forvaltningsplanen skal utdjupe og presisere dei einskilde verneforskriftene. I 2008 vart det utarbeida ein forvaltningsplan for Vestnorsk fjordlandskap, delområde Geirangerfjorden. Denne planen dekkjer området verneområdestyret har forvaltningsmynde over. I tillegg omhandlar den Hyskjet naturreservat, som vert forvalta av Fylkesmannen i Møre og Romsdal, og verdsarvområda i Geiranger og Tafjord som vert forvalta gjennom kommunedelplanar av Stranda og Norddal kommunar.

Planen er eit praktisk hjelpemiddel som skal sikre ei heilskapleg forvaltning. Planen gjer konkrete forvaltnings- eller bevaringsmål for området, retningsliner for bruk, informasjon, skjøtsel og tilrettelegging. På denne måten bidreg forvaltningsplanen til å oppretthalde og fremje naturverdiane i verneområdet.

Forvaltningsplanen kan ikkje innehalde retningsliner eller tiltak som er i strid med verneforskriftene. I ein del tilfeller vil det vere behov for skjøtselstiltak for å ta vare på naturkvaliteter i området i tråd med verneformålet.

Forvaltningsplan - Vestnorsk fjordlandskap - delområde Geirangerfjorden

(Publisert:14.10.2013 Sist endret:24.10.2013)