Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Tiltak og prosjekt

Herdalsvatnet
Herdalsvatnet, Foto: Asbjørn Børset

For å oppretthalde dei biologiske og kulturhistoriske verdiane i verneområdet er det naudsynt å gå inn med ulike tiltak. I tillegg er tilrettelegging og formidling ein del av oppdraget. Viktige samarbeidspartnarar i arbeidet er Statens Naturoppsyn og Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv.


Skjøtsel

Kulturlandskapet er avhengig av beiting og slått for å hindre attgroing

Nokre verdiar i kulturlandskapet er avhengige av bruk for ikkje å forsvinne. Skjøtsel er aktive tiltak for å oppretthalde eller utvikle ein ynskja kulturbetinga tilstand.

(Publisert:19.12.2013)

Bestillingsdialogen

Bestillingsdialogen er det formelle møtepunktet mellom forvaltningsmyndigheita og Statens naturoppsyn (SNO).

(Publisert:19.12.2013 Sist endret:14.01.2014)

Pågåande tiltak

Brubygging ovanfor Liastølen

Kvart år vert det utført ulike tiltak i verneområda. Tiltaka kan variere i omfang frå oppsetting av informasjonsskilt til bygging av steintrapp.

(Publisert:19.12.2013 Sist endret:24.02.2014)