Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Bestillingsdialogen

Bestillingsdialogen er det formelle møtepunktet mellom forvaltningsmyndigheita og Statens naturoppsyn (SNO).

I bestillingsdialogmøtet i november/desember ser ein på kva arbeid, tiltak, utfordringar og prioriteringar som bør gjerast i verneområda for kvart år. Dialogen startar med at SNO rapporterar og fortel om aktiviteten i året som har gått, peikar på utfordringar og utviklingstrekk og kjem med forslag til oppfylgingar. På bakgrunn av dette vil forvaltningsmyndigheita og SNO kome fram til kva ein bør prioritere for verneområda neste år.

Bestillingsdialogem gjeld ikkje berre for tiltak som krever midlar, men óg for anna arbeid som ein ynskjer at oppsynet og forvaltninga skal prioritere komande år.  Dette kan vere ekstra fokus på ulovleg motorferdsel, registrering av "postkortartar" og naturvegleiing.

Bestillingsdialogen er formalisert gjennom eit skjemasystem. Skjema A skildrar kjerneoppgåvene til SNO, medan skjema B skildrar andre oppgåver som forvaltningsmyndigheita ynskjer at SNO skal utføre. Dette kan vere fjerning av framande artar frå ein bestemt lokalitet, eller oppfølging av tiltak utført av andre. Det siste skjemaet (tidlegare skjema C) er ein søknad om midlar til ulike tiltak. Forvaltningsmyndigheita set opp ei prioritert liste med tiltak med ein sum for kvart tiltak. Denne søknaden vert sendt til SNO sentralt og Miljødirektoratet. Ut frå løyvingar over statsbudsjett og politiske føringar fordelar dei midlar til dei ulike verneområda.

Behovet for midlar varierar frå verneområde til verneområde og frå år til år. Til dømes er det lite behov for midlar og tiltak i Kallskaret naturreservat, medan det i landskapsvernområdet er i gong eit stort stitilretteleggingsprosjekt ved Storseterfossen som ein håpar å få midlar til å sluttføre i 2014.

 

Bestillingsdialogen 2014

Verneområdestyret vedtok i møte 3. desember 2013 fylgjande prioriteringar:

Skjema A

Skjema B

Søknad om tiltaksmidlar

(Publisert:19.12.2013 Sist endret:14.01.2014)