Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Pågåande tiltak

Brubygging ovanfor Liastølen
Brubygging ovanfor Liastølen, Foto: Kjell Hansen

Kvart år vert det utført ulike tiltak i verneområda. Tiltaka kan variere i omfang frå oppsetting av informasjonsskilt til bygging av steintrapp.

Stiprosjekt Vesterås-Storseterfossen

Stien frå Vesterås til Storseterfossen er eit av dei mest populære turistmåla i Geiranger, med til tider store mengder besøkjande. Den store slitasjen har gjort stien svært gjørmete i våte parti, og ført til villstiar utanfor den opptrakka stien. Det har difor lenge vore ynskeleg å steinsette strekninga. Det har vorte løyvd statlege midlar til Fylkesmannen, verneområdestyret og SNO-lokalt i fleire omgangar, samt lokale midlar frå Geiranger turist- og næringslag, og i 2013 kom arbeidet i gong. Det vart nytta sherpaar frå Nepal, som har ein unik kompetanse innan steinarbeid. I perioden 10. juni til 17. august vart det jobba på spreng, og resultatet vart ein brei, slitesterk steinsti som ligg fint i terrenget. Den totale lengda som er steinsett er omlag 400 meter. Dette er det mest utsette partiet av stien. Framleis gjenstår eit parti som bør steinsettast, samt eit parti der fjerning av vatnet vil vere tilstrekkeleg. I tillegg bør stien under sjølve Storseterfossen utbetrast og sikrast betre. Det er søkt om midlar til å sluttføre prosjektet i 2014. Det er SNO-lokalt som har hatt oppsyn med prosjektet.

Fjerning av platanlønn ved Nedre Ljøen

Platanlønn er ein innført art i Noreg. Trea har vorte nytta i hagar og parkar, men spreier seg svært rask ved frø. Ved Nedre Ljøen har platanlønna nærast tatt over eit område rundt den gamle postvegen. Det vart i 2011 sett i gong eit prosjekt i regi av Fylkesmannen i Møre og Romsdal for å sjå om ringbarking saman med beiting var ein metode for å bekjempe platanlønna. I løpet av sommaren 2011 vart omlag 200 frøtre ringbarka, og i 2012 vart 60 nye tre ringbarka. I tillegg vart området gjerda inn og beitast no av geiter og nokre sauer. Allereie i august 2012 synte trea som var ringbarka året før svakheitsteikn. Det er vanleg at tre kan leve inntil tre år etter ringbarking. I løpet av sommaren 2014 vil ein difor få svar på kor vellukka tiltaket er i kampen mot spreiing av platanlønn.

Fjerning av gran

Gran høyrer ikkje naturleg heime på Vestlandet, og alle grantrea i verneområdet er anten planta eller frøa frå plantefelt. Grana spreier seg raskt når mortrea vert gamle nok til å sette frø. I område med biologisk verdfulle artar eller naturtypar ynskjer ein ikkje at grana skal få fotfeste. Dersom gran vert det dominerande treet langs fjordane, vil òg landskapet endre karakter kraftig. Dette er bakgrunnen for at ein ynskjer å fjerne mest mogleg av grantrea i verneområdet. Mellom anna har Fylkesmannen i Møre og Romsdal tatt utt all gran frå Hyskjet naturreservat, og somaren 2013 vart granklynga ved Friaren fjerna.

(Publisert:19.12.2013 Sist endret:24.02.2014)