Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Skjøtsel

Kulturlandskapet er avhengig av beiting og slått for å hindre attgroing
Kulturlandskapet er avhengig av beiting og slått for å hindre attgroing

Nokre verdiar i kulturlandskapet er avhengige av bruk for ikkje å forsvinne. Skjøtsel er aktive tiltak for å oppretthalde eller utvikle ein ynskja kulturbetinga tilstand.

I verneområda er det fleire kulturmarkstypar, som slåttemark og beitemark, som inngår i verneformålet. I midlartid er bruken av desse områda i dei fleste tilfelle endra grunna omleggingar i landbruket. Dette fører til endra artssamansetting og gjengroing. For at ikkje dei biologiske og kulturelle verdiane skal gå tapt er det naudsynt å sette i gong ulike tiltak. Dersom gjengroinga er kome langt må det ryddast skog og kratt før sjølve skjøtselen kan starte. Skjøtselstiltak kan vere slått, beiting, styving og brenning. For å behalde verdiane som er etablert gjennom tidlegare tiders bruk, er det viktig å nytte den gamle, lokale kunnskapen i skjøtselen.

(Publisert:19.12.2013)