Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Verneområde

Særprega geologi i Kallskaret naturreservat
Særprega geologi i Kallskaret naturreservat, Foto: Asbjørn Børset

Verneområdestyret har forvaltningsmynde for to verneområde: Geiranger-Herdalen landskapsvernområde og Kallskaret naturreservat.


Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Dei sju systrene

Geiranger-Herdalen landskapsvernområde vart verna ved kongeleg resolusjon 8.10. 2004. Området dekkjer eit areal på omlag 498 km2 i kommunane Stranda og Norddal på Sunnmøre. Føremålet med vernet er tredelt: Ta vare på eit særprega og vakkert fjord- og fjellandskap med eit rikt og variert plante- og dyreliv. Ta vare på viktige kulturlandskap der fjordgardar, setermiljø og kulturminne utgjer ...

(Publisert:24.10.2013 Sist endret:28.10.2013)

Kallskaret naturreservat

Kallskaret naturreservat

Kallskaret naturreservat vart verna ved kongeleg resolusjon 16.11.1984. Naturreservatet dekkjer omlag 900 dekar og ligg i Norddal kommune på Sunnmøre. Føremålet med vernet er å ta vare på eit område med førekomstar av eklogitt i veksling med andre bergartar der bergartsvekslingane har vore avgjerande for utforminga av eit vakkert og særprega landskap.

(Publisert:24.10.2013 Sist endret:28.10.2013)

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap

Geirangerfjorden vart saman med Nærøyfjorden innskrive på UNESCO si verdsarvliste 14. juli 2005 som Vestnorsk fjordlandskap.

(Publisert:19.12.2013 Sist endret:14.01.2014)