Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Dei sju systrene
Dei sju systrene, Foto: Asbjørn Børset

Geiranger-Herdalen landskapsvernområde vart verna ved kongeleg resolusjon 8.10. 2004. Området dekkjer eit areal på omlag 498 km2 i kommunane Stranda og Norddal på Sunnmøre.

Føremålet med vernet er tredelt:

  • Ta vare på eit særprega og vakkert fjord- og fjellandskap med eit rikt og variert plante- og dyreliv.
  • Ta vare på viktige kulturlandskap der fjordgardar, setermiljø og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart.
  • Ta vare på geologiske førekomstar og landskapsformer.
(Publisert:24.10.2013 Sist endret:28.10.2013)