Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap

Geirangerfjorden vart saman med Nærøyfjorden innskrive på UNESCO si verdsarvliste 14. juli 2005 som Vestnorsk fjordlandskap.

Bakgrunnen for innskrivinga er den unike geologien og det vakre landskapet som oppfyller naturkriteria (i) og (iii) til UNESCO.

Kriterie (i): Vestnorsk fjordlandskap er klassiske, framifrå velutvikla fjordar, og vert rekna for å vere typelokalitet for fjordlandskapa i verda. Storleiken og kvaliteten på desse fjordane kan samanliknast med andre fjordar på Verdsarvlista, og dei utmerkjer seg med sine klimatiske og geologiske tilhøve. Området syner alle element av landformer knytt til dei indre delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda.

Kriterie (iii): Nærøyfjord- og Geirangerfjordområda vert rekna mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden. Deira unike naturvenleik kjem av dei tronge dalgangane med bratte krystallinske bergsider som strekkjer seg frå 500 m under vassflata til 1400 meters høgde over Norskehavet. Eit utal fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, medan talrike frie elvar renn frå takkete fjell, brear og bresjøar, gjennom lauv- og barskog, og ned til fjorden. Eit stort mangfald av andre naturfenomen på land og i vatn med m.a. undersjøiske morenar og sjøpattedyr, forsterkar naturopplevinga. Restar av eldre, no for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og aukar den samla verdien av området.

Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv er ei ideell stifting med hovudføremål å utvikle kompetanse innan vern, bevaring og formidling av naturarva Vestnorsk fjordlandskap. Dei er óg pådrivar for berekraftig utvikling av verdsarvområdet og for å få forsking på området. Stiftinga driv Norsk fjordsenter i Geiranger. Dette er både eit besøks- og kompetansesenter for verdsarvfjordane.

(Publisert:19.12.2013 Sist endret:14.01.2014)