Velkomen til nettsida til Jostedalsbreen nasjonalparkstyre. Her finn du informasjon om verneområdet, om nasjonalparkstyret og om forvaltninga.
Under dei ulike menyane finn du relevant informasjon om forvaltninga av verneområdet.
Geologiske verneverdiar i og rundt Jostedalsbreen - Ny rapport
22.01.2024
Atle Nesje har på oppdrag frå nasjonalparkstyret utarbeidd ein rapport som tek for seg geologiske verneverdiar i og rundt Jostedalsbreen. Her er mykje interessant kunnskap om kvartærgeologien i området samla i ein rapport med mange flotte illustrasjonar. Nedanfor finn du til rapporten. For å lette nedlasting har vi delt rapporten delt opp i 27 delar.
Forslag til skjøtselsplanar for heilskapleg kulturlandskap i Bødalen, Erdalen og Sunndalen i Stryn kommune
02.12.2022
NIBIO har på oppdrag frå Jostedalsbreen nasjonalparkstyre utarbeidd forslag til skjøtselsplanar for Bødalen, Erdalen og Sunndalen i Stryn. Planane er ferdige og skal presenterast på Hotel Alexandra i Loen måndag 5.desember.
Nedanfor finn du lenker til dei tre skjøtselsplanane.
Jubileumsarrangement i Jostedalen og Fjærland
24.05.2022
20. og 22. mai var det storveges jubileumsfeiring, både av nasjonalparken som opna for 30 år sidan, og av det eine av dei 3 besøkssentra tilknytt nasjonalparken, Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, som også var blitt 30 år! To spreke 30-åringar vart feira frå fredag til søndag, og det var mykje kjekt på programmet!