Forvaltning

I 2009 blei det vedteke at forvaltningsmyndigheita for dei store verneområda i Noreg skulle overførast frå Fylkesmannen til eit interkommunalt nasjonalparkstyre. Styret skal syte for ei heilskapleg samla forvaltning av verneområde på tvers av administrative grenser innanfor ramma av naturmangfaldlova og verneforskrifta.

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre er forvaltningsmynde for dette verneområdet som dekker heile sju kommunar og spenner over 1315 km2. Nasjonalparkstyret er sett saman av politikarar frå kommunane som har areal i Jostedalsbreen nasjonalpark, samt ein representant frå fylkeskommunen. Samansetjinga av Jostedalsbreen nasjonalparkstyre finn du her.

Nasjonalparkforvaltaren er sekretær for styret. Jobben inneber å leggje fram saker på styremøta og følgje opp vedtak og planar mellom kvart møte. Maria C. Knagenhjelm er nasjonalparkforvaltar for Jostedalsbreen, og har kontorplass på rådhuset i Luster.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane var forvaltningsmyndigheit tidligare, men har ikkje mynde etter den nye ordninga. Fylkesmannen er likevel involvert, i og med at dei har personalansvaret for nasjonalparkforvaltaren. I tillegg har Fylkesmannen klagerett på vedtaka som styret gjer.

Klima- og miljødepartementet (KLD) er klageinstans for vedtak gjort av styret. Klager på styret sitt vedtak skal fyrst behandlast på nytt av styret. Dersom styret ikkje gjer om på vedtaket, blir saka sendt over til KLD for endeleg avgjerd.

Miljødirektoratet er ein viktig og sentral faginstans innan forvaltninga av verneområde. Direktoratet har ein del oppgåver, som mellom anna opplæring og fagleg støtte for forvaltarane, dei godkjenner forvaltningsplanar og andre planar i verneområda, og det er direktoratet som førebur klagesaker før dei blir avgjort av departementet.

Statens naturoppsyn (SNO) er forvaltninga sine folk i felten. Det er dei som har det praktiske oppsynet med verneområda. I tillegg driv dei med informasjonsarbeid, skjøtsel og andre fysiske tiltak. Anne Rudsengen har ansvaret for Jostedalsbreen nasjonalpark i SNO. Ho har også kontorplass på rådhuset i Luster.

Kommunane handsamar sektorlover som gjeld både innanfor og utanfor verneområde. I tillegg er kommunane viktige samarbeidspartnerar for nasjonalparkforvaltninga. I saker om mellom anna bygging eller motorferdsel i verneområde, må ein ofte ha løyve både frå kommunen og frå nasjonalparkstyret. På framsida kan ein finne lenkje til kvar kommune.

Fylkeskommunen er representert i verneområdestyra, og er i tillegg regional myndigheit på områda vilt- og fiskeforvaltning, friluftsliv, vassforvaltning og kulturminne.

(Publisert:07.03.2013 Sist endret:09.12.2015)

Søkje om dispensasjon frå verneforskrifta

Bødalsseter i Stryn.

Enkelte tiltak og aktivitetar er i utgangspunktet forbode i nasjonalparken, men det er opna for at nasjonalparkstyret kan gje dispensasjon

(Publisert:07.03.2013 Sist endret:04.12.2015)