Nasjonalparkstyret


 

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre vart oppnemnt i 2011 av det dåverande Miljøverndepartementet som forvaltningsmynde for Jostedalsbreen nasjonalpark. Nasjonalparkstyret skal forvalte nasjonalparken innanfor ramma av naturmangfaldlova og verneforskrifta for Jostedalsbreen nasjonalpark.

Følg lenkjene til venstre for å lese meir om styret sitt arbeid.

Dokument som vert sendt inn til eller ut frå nasjonalparkstyret vert arkivert hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Derfor er postadressa til nasjonalparkstyret den same som til Fylkesmannen i Sogn og Fjordaen. Dette kvalitetssikrar arkivfunksjonen og gjer alle offentlege dokument knytt til nasjonalparkstyret tilgjengelege gjennom Offentleg elektronisk postjournal (OEP).

Under er ein link til dokument som er knytt til Jostedalsbreen nasjonalparkstyre siste månaden på OEP. Klikk på "endre søkekriterie" for å utvide eller innskrenke søket i tid.