Rådgjevande utval

 

Biletet er frå eit ope bygdemøte i Stardalen i 2014, og er meint som ein illustrasjon.

Rådgjevande utval er sett saman av ulike interessegrupper og organisasjonar som har tilknyting til Jostedalsbreen. Utvalet skal sikre involvering av ulike interesser i verneområdet. Det skal ikkje handsame einskildsaker, men kunne gje uttale om overordna strategiar og særlege forhold. I prosessen med revidering av forvaltningsplanen fungerer fagleg rådgjevande utval som referansegruppe.

Rådgjevande utval har normalt sett eitt møte i året. Nasjonalparkstyret ønskjer å treffe  rådgjevande utval årleg for felles dialog. Referat frå møta, samt ev presentasjonar, kan ein finne nedst på sida.

Det rådgjevande utvalet er sett saman slik:

Naturvernforbundet Jon Farestveit
Universitetet i Bergen Atle Nesje
Norsk Bremuseum John Brekke
Sogn og Fjordane Bondelag Merete Støfring
Sogn og Fjordane Bonde- og småbrukarlag Ingolf Folven
Reiselivslaga Ståle Brandshaug
Sogn og Fjordane Turlag Rune Valsvik
Jostedalsbreen nasjonalparksenter Wenche Nesje
Breheimsenteret Åslaug Hansegård
Fylkesmannen i Vestland Tom Dybwad
(Publisert:29.11.2011 Sist endret:31.01.2020)