Vedtekter


Vedtektene set rammene for nasjonalparkstyret sitt arbeid som forvaltningsmynde.

I eit brev frå dåverande miljøvernminister Erik Solheim datert 2. september 2010 vart det vedtak om at det skulle etablerast eit nasjonalparkstyre for Jostedalsbreen nasjonalpark. Styret ble konstituert på nyåret 2011, og hadde eit sett vedtekter som satte ramma for nasjonalparkstyret sitt mynde.

Hausten 2015 sendte Miljødirektoratet ut reviderte vedtekter for nasjonalparkstyret, samt ein revidert stillingsinstruks for nasjonalparkforvaltaren. Desse trådde i kraft 7. september 2015. Dei viktigaste endringane i vedtektene er følgjande:

- Det er opna for å kunne delegere meir mynde til forvaltar (pkt. 6.2)

- Nasjonalparkstyret er å rekna som ein juridisk person med mynde til å inngå avtaler

- Det står meir konkret om forvaltar og styret sine roller

- Det står at styret bør tre saman minst fire gonger i året. Tidlegare stod det at styret skal tre saman minst to gonger per år

-  Nokre nye oppgåver/ansvar til styret (grensemerking, besøksforvaltning – pkt. 8)

-  Miljødirektoratet er klageinstans (tidlegare var det departementet).

-  Miljødirektoratet har høve til å forandre vedtektene (dette myndet låg også til departementet tidlegare).           

Revideringa av stillingsinstruksen til forvaltar er stort sett ei oppfølging av dei endringane som ligg i styrevedtektene.

Vedtektene for Jostedalsbreen nasjonalparkstyre, datert 2015.

Ny stillingsinstruks for nasjonalparkforvaltar, datert 2015.