Anbod - invitasjon til konkurranse om sårbarheitsvurderingar for ferdsel 2020

Parti av Skålastien
Parti av Skålastien

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre inviterer interesserte tilbydarar til å delta i konkurranse. Anbodet gjeld kjøp av tenester i samband med sårbarheitsvurderingar for inntil 3 ferdselslokalitetar i Jostedalsbreen nasjonalpark 2020. 

Tilbodsfrist er sett til onsdag 5.august 2020 kl 13:00.

Føremålet med kjøpet er å få gjennomført sårbarheitsvurderingar i tråd med Håndbok for sårbarheitsvurdering av ferdselslokaliteter i verneområde, for vegetasjon og dyreliv, NINA Temahefte 73, for eit til tre område i og ved Jostedalsbreen nasjonalpark i 2020, slik at nasjonalparkstyret skal kunne leggje til rette for utvikling og ferdsel i område som tåler mykje besøk, og skjerme område med sårbare artar eller naturtypar. 

Sårbarheitsvurdering er ynskt gjennomført i influensområdet til stiar i fylgjande område:

1. Skålastien

2 Haugadalen

3. Bøyadalen

Her er lenker til alle dokument som gjeld konkurransen:

1. Konkurransegrunnlag

2. Skildring av oppdrag

3. Pris- og tilbodsskjema

4. Oversiktskart

5. Detaljkart Skålastien

6. Detaljkart Haugadalen

7. Detaljkart Bøyadalen

(Publisert:03.07.2020)