Endeleg avslag på ny DNT-hytte på Sunndalssetra

Då DNT Oslo og omegn søkte om å bygge ein ny hytte med anneks på Sunndalssetra i Jostedalsbreen nasjonalpark gav nasjonalparkstyret løyve til bygging. Etter at vedtaket vart påklaga av fleire organisasjonar har Miljødirektoratet no oppheva vedtaket.

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre ga i møte 31. oktober 2016 DNT Oslo og omegn løyve til oppføring av ny turisthytte på Sunndalssetra. Styret såg positivt på at det vert etablert ein enkel overnattingsstad i Sunndalen. Styret meinte at det var ein særleg grunn til å gje løyve til ei ny turisthytte då den ville styrke ålmenta si tilgong til området. Ei turisthytte ville også fremje formålet med vernet, opplevinga av naturen som rekreasjonsområde og staden for gode opplevingar.

Turisthytta skulle innehalde 12 sengeplasser med et samla areal på 93 m2. I tillegg skulle det oppførast eit uthus på omlag 15 m2. Lokaliseringa skulle være litt i bakkant av stølsvollen, bak ei kolle, langs stien mot sør og aust.

Reinheimen-Breheimen villreinutval, Reinheimen-Breheimen villreinnemnd, Norges Fiskerforbund, Naturvernforbund, Sogn og Fjordane turlag, Naturvernutvalget og FNF Sogn og Fjordane klaga på styret si avgjerd.

Bakgrunn for klagane var fleirdelt, m.a. at ei ny hytte for å auke ålmenta si tilgong til setra ikkje var ein "særleg" grunn til å få dispensasjon frå byggeforbodet i verneforskrifta, samt at ei ev ny hytte ville potensielt kunne føre til meir ferdsle gjennom villreinen sitt sommarbeiteområde i Rauddalen.

Miljødirektoratet kunne ikkje sjå at det forelå "særlege grunner" etter forskrifta kap. IV punkt 1.3 til at ei turisthytte skulle kunne byggast. I tillegg la Miljødirektoratet særleg vekt på føre-var prinsippet i nml. § 9, då det ikkje føreligg tilstrekkeleg kunnskap om kva effekt ei eventuell auka ferdsle ei turisthytte vil kunne påverke villreinstamma i Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark. Klagane vart derfor tatt til følge.

Heile dokumentet frå Miljødirektoratet kan du lese her. Alle saksdokument er offentlege, og kan tilsendast ved førespurnad til sekretariatet.

 

 

(Publisert:12.07.2017)