Auka innsats på viktig arbeid

Vi er glade for å ønskje Bente Støa velkommen til sekretariatet for Jostedalsbreen nasjonalpark. Bente er økolog og har mange års erfaring frå offentleg naturforvaltning. Ho skal bidra til å jobbe med forvaltningsplanen og besøksstrategien for verneområdet.

Det var mange søknadar som kom inn då Fylkesmannen lyste ut eit eittårig engasjement for Jostedalsbreen nasjonalpark. Av 43 til dels svært kvalifiserte søkjarar var 6 kalla inn til intervju. Bente Støa frå Røyken som fekk tilbodet om stillinga og ho har takka ja.

Bente flytter såleis til Luster med mann, to barn og to hunder for å jobbe eit år med nasjonalparkforvaltning. Ho fekk permisjon frå jobben sin i Røyken kommune som miljørådgjevar, ei jobb ho har hatt dei siste åra. I kommunen jobbar ho mellom anna med klimaplanlegging, naturmangfald, ureining og vassforvaltning. Der har ho også erfaring i å jobbe under politisk leiing. Tidlegare har ho jobba som naturforvaltar for Bærum kommune, og har erfaring t.d. med skjøtselsplanar.

Ho har doktorgrad frå Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo, der temaet var utbreiingsmodellering, særleg sett i samanheng med klima- og miljøvariablar. Her er meir om doktorgraden. Bente Støa tok mastergraden sin i økologi på Ås.

Bente Støa er glad i friluftsliv, snakkar spansk og ønskjer å bli betre kjent i Sogn og Fjordane. Vi ønskjer ho velkommen til trivselsfylket!

(Publisert:15.06.2018 Sist endret:26.06.2018)