Jostedalsbreen nasjonalparkstyre løyver 135 000 kr til flaumskader i Nordfjord

Setrevegen mot Bødalseter vart borte ca 150 meter etter oktoberflaumen 2019.
Setrevegen mot Bødalseter vart borte ca 150 meter etter oktoberflaumen 2019.

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre vedtok samrøystes i styremøtet 4. mars å løyve 135 000 kr til oppbygging av stiar og bruer i Jostedalsbreen nasjonalpark etter flaumen som råka området i oktober i fjor.

Store nedbørsmengder, saman med snøsmelting i fjellet, førte i oktober 2019 til at fleire elver og bekkar i nasjonalparken gjekk flaumstore og skapte små og større skader på stiar og bruer. Spesielt dalane på nordsida av nasjonalparken, i Stryn kommune, vart ramma. Pengane nasjonalparkstyret no har løyva skal brukast til gjenoppbygging av stien inn til Bødalsseter i Bødalen og til reparasjon av bruer i Ruteflotdalen, Sunndalen, Erdalen og Austerdalen i Lodalen. I tillegg betalte nasjonalparken ut 70 000 kr for å reparere den flaumskadde brua ved Bødalsseter hausten 2018.

- Å halde ved like stiar og bruer, som fører inn i nasjonalparken vår, for vandrarar og beitedyr har høg prioritet hjå nasjonalparkstyret, seier styreleiar Ivar Kvalen. I tillegg til å verne den varierte og verdfulle naturen, er føremålet med vernet av Jostedalsbreen nasjonalpark å gje høve til naturoppleving gjennom enkelt friluftsliv og å verne om kulturlandskapet. Då er det viktig å få både beitedyr og friluftsfolk trygt fram, seier Kvalen.

Nasjonalparken har vore utsett for flaum i uminnelege tider, og mykje av den spesielle naturen i nasjonalparken er knytt til flaummark. Men i åra som kjem førebur no nasjonalparken seg på både hyppigare og sterkare flaumar. Klimaet er i endring og prognosane seier at det kjem meir nedbør. Ei auke i temperatur vil også føre til meir smeltevatn frå breen.

 Denne brua vart gravlagt under store menge stein og trengte maskinell hjelp for å gravast fram att, biletet er frå Austerdalen i Lodalen vinteren 2018/19. Brua er viktig, særleg for beitedyr i området.

-Kunnskap om klimaendringane må inngå i forvaltinga av nasjonalparken og integrerast i planlegginga av tiltak framover. Vi vil til dømes ikkje gjenoppbygge ein sti på nett same plass om vi veit at den blir øydelagt av flaum med jamne mellomrom, seier styreleiar Ivar Kvalen.

Eitt døme er omlegginga av den første delen av driftevegen inn mot Sunndalssetra frå Sunndal gard, som vart gjort sommaren 2018. Haustflaumane råka ikkje driftevegen, noko som stadfesta at god planlegging er vesentleg for tiltak som skal vare lenge. Mykje nedbør i anleggsfasen førte også til god kartlegging av kor vatnet rann. - Har ein kontroll på vatnet, har ein kontroll på tilstanden på stien, stadfestar nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm.

Kunnskap om klimaendringane er også eit heitt tema i besøksforvaltinga av parken. Brearmane smeltar stadig meir og ein må planlegge for alternativ til dagens turisme i ei framtid der mange av våre mest populære reisemål vil smelta vekk. Dette er spørsmål nasjonalparken vil ha fullt fokus på framover, i følgje nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm.

-Vi arbeidar no med ein ny forvaltingsplan og besøksstrategi for Jostedalsbreen nasjonalpark. Der er klimaendringar, flaum og smeltande brear sentrale tema. Vi ønskjer at folk skal komme til denne vakre nasjonalparken med sine høge fjell, frodige daler og artsrike kulturlandskap framover, sjølv om breen krympar. Då må vi ha ein langsiktig strategi for dette. I tillegg må vi på kortare sikt halde fram med å bidra med midlar til kontinuerleg vedlikehald av stiar og bruer for å sikre tilkomsten til parken for folk og fe, men alltid med verneverdiane i botn, seier forvaltaren.

 Denne brua er synleg påverka etter at dei store vassmengdene i elva hausten 2018 tok tak i den. Biletet er frå Nesdal, opp mot Ruteflotdalen.

(Publisert:11.03.2019 Sist endret:05.06.2019)