Spørsmåla svirrer rundt dronene

Dronar kan ta flotte bilete frå lufta av folk på tur, interessante objekt og av landskap. Men  dronar skaper også mykje uro og irritasjon blant folk som er på tur for å oppleve naturens eigne lyder. Og korleis verker ein surrande drone på ein hekkande fugl?

Droneteknologien har komme ganske nyleg, og er snart blitt allemannseie. Regelverket henger litt etter den teknologiske utviklinga. Er det lov å fly drone i eit verneområde? Svaret på det avhenger litt av den enkelte verneforskrift og kva som er føremålet med vernet på den enkelte stad, altså kva verneområde det er snakk om.

Kva er føremålet med vernet?

I eit fuglefredingsområde, som til dømes Hafslovatnet eller Bøyaøyri, er det naturleg nok ikkje høve til verken modellbåtar eller modellfly, eller liknande som kan uroe fugl. Forvaltningsmyndet for disse områda tolkar dronar som å være i same kategori som modellfly. I Nigardsbreen naturreservat er brevariasjonar og planteutvikling føremålet med vernet. Det står ikkje noko i verneføremålet om verken dyreliv og friluftsliv, sjølv om Nigardsbreen kanskje er ein av dei mest besøkte naturbaserte turistdestinasjonane vi har her i landet. Det er såleis ikkje forbode å fly med drone i dette naturreservatet. Forvaltningsmyndet oppmodar likevel alle som har planer om å nytte drone til filming i reservatet om å ta generelt omsyn til folk på tur.

Kva gjeld for Jostedalsbreen?

I Jostedalsbreen nasjonalpark er føremålet med vernet tredelt: Det er å verne om geologi, plante- og dyreliv, å gje høve til naturoppleving og friluftsliv, og det er å verne om kulturminne og kulturlandskap. Motorferdsel er til dømes ikkje lov i Jostedalsbreen nasjonalpark jf. forskrifta, og både lågtflyging og landing med helikopter er forbode.

Droneflyging er faktisk ikkje definert som motorferdsel, fordi drona ikkje frakter ein person. Dronen kan likevel skape tilsvarande uro. Forskrifta seier: All ferdsle og aktivitet skal være omsynsfull og varsam slik at ein ikkje skader natur- og kulturverdiar, uroar vilt eller er til ulempe for andre. Nasjonalparkstyret ønskjer å være restriktive på droneflyging, slik at nasjonalparken framleis skal være eit område for ro og rekreasjon. Styret kan likevel handsame søknader om dispensasjon i særskilte tilfelle, der flyginga ikkje er i strid med føremålet med vernet.

I periodar av året er også hekkande fugl særskilt varsame for uroing, og kanskje i særleg grad av ein flygande farkost som kan likne ein predator?  Fuglen og reiret skal ha «forkjørsrett».

Drone vs helikopter

Det skapar mindre uro å nytte drone til å filme enn å bruke helikopter. Produksjon av naturfilm og naturinformasjon har tidlegare fått løyve til bruk av helikopter. Då har nasjonalparkstyret ofte har stilt vilkår om at nasjonalparken/verneverdiane skal komme godt fram i det ferdige filmproduktet. Det vert alltid stilt vilkår om at den motoriserte ferdsla ikkje skal synast fram på filmen. Styret har også gitt løyve til motorisert ferdsel i samband med filming av enkeltområde som destinasjon, for marknadsføring av reiselivet lokalt. Eit døme på det er VisitNordfjord som laga ein vandrefilm om Skåla. I slike tilfelle kan bruk av drone ha mindre påverknad enn alternativet med helikopter. Ofte må ein likevel inn med store, tunge droner, og dei må løftast på plass med helikopter. Då må nasjonalparkstyret vurdere aktiviteten etter den generelle dispensasjonsheimelen, og vurdere om det potensielt kan komme «100 søknader til» om det same.  

Ta kontakt!

Ta kontakt med nasjonalparkforvaltninga viss du er usikker på regelverket. Vi kan rettleie! Nasjonalparkstyret har møte om lag tre gonger i halvåret, og viss du vil søkje om dispensasjon er det viktig å være tidleg ute med søknaden. Her finn du kontaktinformasjon.

Kom gjerne og opplev naturen i Jostedalsbreen nasjonalpark, ta med vener og kjente! Naturen er framleis best «live».

(Publisert:21.06.2016 Sist endret:12.07.2017)