Leiar og nestleiar fekk fornya tillit

Styreleiar
Styreleiar, Foto: Maria C Knagenhjelm

I konstituerande styremøte den 14. mars 2016 fekk leiar Ivar Kvalen fornya tillit frå eit einstemmig nasjonalparkstyre. Sven Flo fekk også unison applaus og vart gjenvalt som nestleiar.

Ivar Kvalen er ordførar i Luster kommune, og sit også som styreleiar i Jotunheimen nasjonalpark. Sven Flo er ordførar i Stryn kommune. Styret har til saman åtte medlemmer.

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre oppnemnte eit arbeidsutval for å kunne ta unna hastesaker som treng politisk vurdering. I tillegg til leiar Ivar Kvalen og nestleiar Sven Flo, vart Eline Orheim valt inn i arbeidsutvalet. Oddmund Klakegg og Venke Kollbotn vart valt inn som første og andre vara. 

Heile protokollen frå styremøtet kan de lese her.

(Publisert:18.03.2016 Sist endret:18.05.2017)