Nasjonalparkstyra på kompetansesamling

 


Måndag 4. og 5. april var om lag 60 representantar frå i alt 11 nasjonalpark- og verneområdestyre samla i Sogndal. Her fekk både nye og dei meir erfarne styremedlemmer opplæring og fagleg påfyll.

Etter kommune- og fylkestingsvalet i fjor haust har det no blitt oppnemnt nye styre i alle dei store verneområda. I samband med oppstart for dei nye styra vart kompetanseprogrammet arrangert, først og fremst for å gje ei innføring i oppgåvene for nye styre- og varamedlemmer. I tillegg til styra her i fylket kom der styremedlemmer og vararepresentantar frå alle nabofylka våre; Hordaland, Buskerud, Oppland og Møre og Romsdal.

Det var mange interessante og engasjerande føredrag og innlegg på konferansen. I tillegg var det tid til diskusjonar, debatt og gruppearbeid. Særleg var det fokus på kva verdiar vi skal ta vare på gjennom naturvernet og ikkje minst korleis ein kan drive verdiskaping i tilknyting til verna natur.

Her kan du sjå kva slags foredrag som styra fekk høyre. Følg lenkja her!

(Publisert:15.04.2016 Sist endret:12.07.2017)