Studentar med nye perspektiv på tilrettelegging

Innfallsporten på Tjugen og stien opp mot Skålatårnet var tema då student Tarjei Byrkjeland Aasen skreiv bacheloroppgåva si. Oppgåva har teke for seg turopplevinga frå parkeringsplassen og til toppen av fjellet, med fokus på tilrettelegging, informasjon og korleis møte dei besøkande som kjem. Og karakteren? Han fekk full uttelling!

Nasjonalparken har gitt studentar frå Høgskulen på Vestlandet (tidlegare HiSF) oppgåve å analysere og foreslå gode løysinger for innfallsportane til nasjonalparken. Korleis lage eit inviterande utgangspunkt for oppleving av Jostedalsbreen nasjonalpark, kanskje det fremste av norsk natur?

For besøkande frå fjern og nær er ofte enden av vegen, eller ein parkeringsplass, sjølve innfallsporten og ”fyrsteinntrykket” av nasjonalparken. Alle desse stadene ligg utafor vernegrensa, men må likevel vurderast av forvaltninga som ein innfallsport eller inngang til verneområdet. Dei ulike innfallsportane har ulike brukargrupper. Nokre plassar er det busslastar med cruiseturistar – kva vil dei forvente seg? Andre plassar er det kanskje mest fjellvante turgåarar – kva vil dei forvente seg?

Fleire av parkeringsplassane gir eit litt ”tilfeldig” inntrykk: kvar startar og sluttar parkeringsplassen, er det bord og benkar, er det toalett, er det informasjon? Er det tilrettelagt for ulike brukargrupper, som barnevogn eller rullestol? Kva informasjon bør ein kunne finne om verneområdet eller om turmogelegheiter? Og korleis er potensialet langs stien vidare?

Tidlegare har studentar skrive om følgjande innfallsportar: Bergset (Krundalen i Luster), Tungestølen (Veitastrond i Luster), Kjenndalen og Bødalen (Lodalen i Stryn), Briksdalen (Stryn), Bøyabreen (Fjærland) og Haugabreen (Jølster).

I år valgte bachelorstudenten Tarjei B. Aasen innfallsporten Tjugen, utgangspunktet der  folk skal gå til det populære turmålet på Skåla.

Skåla har auka veldig i popularitet dei siste åra, og både den store innsatsen vi har lagt ned i stien og merksemda til den nye, flotte Skålabu har bidrege til at fleire kjem til Loen for å gå på tur, seier nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm. Teljaren vår ved nasjonalparkgrensa synte meir enn 26 000 passeringar i fjor, altså ca 13 000 menneskje på tur opp og ned att. Vi reknar med at talet auker dei neste åra og. Og i arbeidet vårt med å lage ein besøksstrategi treng vi alle gode idear og innspel, til forbetringar seier forvaltaren.

Brukarundersøkinga frå i fjor syner generelt at folk etterspør informasjon og gode parkeringsmulegheiter ved innfallsportane rundt nasjonalparken. No veit vi også meir om brukarane av denne innfallsporten på Tjugen. Av dei som går på Skåla er 5% lokale (busett i dei sju kommunane rundt verneområdet), 60 % er nordmenn for øvrig. Resten er utlendingar. I tillegg er 7 av 10 på dagstur, mens dei siste 30 % overnatter truleg på Skålabu. Det er få som går med barn under 15 år, og 7 av 10 har god friluftserfaring. Berre 1 % av dei 1510 personane som fekk spørsmål om dei var tilfreds med tilrettelegginga på Skålastien er misfornøyd. Men gjennom oppgåva til Tarjei ser vi potensialet for å leggje endå betre til rette, t.d. med informasjon, utkikkspunkt og meir heilskapelege tiltak. Vi ser også at fleire i brukarundersøkinga etterlysar toalett ved start eller langs stien, seier Knagenhjelm.

Med tanke på videre jobb og studie var det ønskelig med en planfaglig og kreativ oppgave. Derfor falt mitt valg på oppgaven, foreslått av nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark. Oppgaven har vært utfordrende, lærerik og morsom å jobbe med, og har gitt muligheter for å kombinere både det teoretiske og de kreative delene av studiet. Mye tid har gått med til oppgaven for å oppnå ønsket resultat. Forhåpentligvis (som en reell oppgave og problemstilling) kan resultatet bli en viktig inspirasjonskilde for planlegging og videreutvikling av Tjugen som innfallsport til Jostedalsbreen nasjonalpark, skriv Tarjei B. Aasen i forordet i oppgåva.

Her kan ein følgje lenkja til oppgåva om Tjugen og dei andre studentoppgåvene.

(Publisert:26.06.2018)