Tor Arne Hauge - ny nasjonalparkforvaltar

- Det er med glede vi kan ønskje Tor Arne Hauge velkommen som ny nasjonalparkforvaltar for Jostedalsbreen, seier styreleiar Ivar Kvalen. Ein erfaren naturforvaltar med stor breidde frå kommunal forvaltning vil bidra til å forsterke arbeidet vårt til det beste for natur, folk og bygdene rundt breen.

Det var mange som søkte på stillinga då Fylkesmannen lyste ut jobben i november i fjor. Med 49 høgt kvalifiserte søkjarar var det mange å velje mellom. – Vi kunne ha tilsett veldig mange av søkjarane, seier Eline Orheim, no seksjonssjef for naturmangfald hos Fylkesmannen i Vestland. – Vi er glade Tor Arne Hauge takka ja. Han er ein svært erfaren naturforvaltar, med lang erfaring frå kommunal forvaltning, interkommunalt samarbeid, prosjektarbeid m.m. Han har særs gode føresetnader for å gå inn i stillinga på Jostedalsbreen, seier Orheim.

Tor Arne Hauge kjem frå jobben som næring- og naturforvaltar i Solund kommune, der han har jobba dei siste 22 åra med eit breitt spekter av oppgåver. Han er opphavleg frå Jondal i Hardanger, og er utdanna naturforvaltar frå Ås. Tor Arne Hauge likar å være på tur og har god fuglekunnskap.

- Eg er veldig motivert til å jobbe med verneområdeforvaltning, seier Hauge, og gler meg til å bli betre kjent med naturen i Jostedalsbreen nasjonalpark og alle menneskja som har sitt liv og virke i området.

Tor Arne Hauge vil, i lag med nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm, utgjere sekretariatet for Jostedalsbreen frå sommaren av. Sidan august 2018 har også Bente Støa jobba for Jostedalsbreen i eit eittårig engasjement der fokus har vore å skrive besøksstrategien for verneområdet.

- Med to faste stillingar vil styret kunne gjere eit endå betre arbeid for natur og folk, husdyr og reiseliv, avsluttar styreleiar Kvalen.

(Publisert:19.02.2019 Sist endret:05.06.2019)