Ønsker å vite meir om friluftslivet i Jostedalsbreen nasjonalpark

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre ønskjer å vite meir om friluftslivet i og rundt verneområdet, og vil i sommar gjennomføre ei undersøking blant besøkande til området. Viss du ser ei sjølvregistreringskasse, set vi pris på di deltaking!

Målet med undersøkinga er å få ei betre overs ikt over kven som bruker området, kor dei går og kva dei gjer, og ikke minst; kva ønskjer folk har for til dømes stimerking, klopping av blaute parti og informasjon. Dette vil gje styret eit betre grunnlag for å tilrettelegge til det beste for både folk, natur og verdiskaping!

På 18 ulike stader rundt nasjonalparken blir det utplassert såkalte sjølvregistreringskasser. Nokre stader der det er særleg stor trafikk av folk set vi ut to kasser, slik at det ikkje blir "kø". På framsida av disse kassene er det ein plakat med oppmoding om å fylle ut eit kort inne i kassa. Ein kan delta både om ein har norsk, engelsk eller tysk som språk.

Dei stadene som nasjonalparkstyret gjerne vil ha meir kunnskap om er følgjande:

Stryn: Sunndalen, Erdalen, Bødalen, Briksdalen (ei ved Hesteskyssplassen og ei langs stien mot Kattanakken), Melkevoll, Skålastien, Kjenndalen.

Jølster: Haugabreen, Befringsdalen, Lundebotn

Sogndal: Bøyabreen, Supphellebreen, Øygard mot Flatbrehytta

Luster: Tungestølen mot Austerdalsbreen, Bergset, Nigardsbreen, Fåbergstølsbreen.

Så oppfordringen til brukere av Jostedalsbre-området er følgjande: Passerar du ei sjølvregistreringskasse i sommer, så fyll ut et kort!

Nestleiar i nasjonalparkstyret Sven Flo og nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm oppmodar alle som går forbi å fylle ut eit kort i sjølvregistreringskassa. Her er kassa ferdig sett opp i Sunndalen i Stryn.

(Publisert:18.05.2017 Sist endret:12.07.2017)