Oppnemning av nytt nasjonalparkstyre

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre på synfaring opp mot Lundeskaret
Jostedalsbreen nasjonalparkstyre på synfaring opp mot Lundeskaret, Foto: Maria Knagenhjelm

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre har no blitt reoppnemnt av Miljødirektoratet, og har mynde til å forvalte Jostedalsbreen nasjonalpark for dei neste fire åra. Dei sju kommunane som har areal innanfor vernegrensa har oppnemnt representantar, og i styret sitt også fylkeskommunen representert.

Dette er det tredje nasjonalparkstyret som er oppnemnt. I det konstituerande møtet den 14. mars i Jostedalen skal styret velgje sin eigen leiar og nestleiar.

Rolle Ordinært medlem Varamedlem Representerer
styremedlem Ivar Kvalen Marit Aakre Tennø Luster kommune
styremedlem Sven Flo Kari Synnøve Muri Stryn kommune
styremedlem Einar Målsnes Hanna Menes Balestrand kommune
styremedlem Marius Dalin Turid Vallestad Førde kommune
styremedlem Venke Kollbotn Vidar Sandal Gloppen kommune
styremedlem Oddmund Klakegg Ragnhild Sæle Jølster kommune
styremedlem Eline Orheim Jarle Aarvoll Sogndal kommune
styremedlem Karen Marie Hjelmeseter Odd Atle Stegegjerdet Sogn og Fjordane fylkeskommune

 

(Publisert:23.02.2016 Sist endret:18.05.2017)