Studentar frå HiSF med nye augne på innfallsportane


Nasjonalparkstyret har hatt eit fleirårig samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, der studentar skriv Bachelor-oppgåve i faget Lanskapsplanlegging med landskapsarkitektur, på oppdrag for nasjonalparken.

Nasjonalparken har gitt studentane oppgåve å analysere og foreslå gode løysinger for innfallsportane til nasjonalparken. Korleis lage eit inviterande utgangspunkt for oppleving av Jostedalsbreen nasjonalpark, kanskje det fremste av norsk natur?

For besøkande frå fjern og nær er ofte enden av vegen, eller ein parkeringsplass, sjølve innfallsporten og ”fyrsteinntrykket” av nasjonalparken. Alle desse stadene ligg utafor vernegrensa, men må likevel vurderast av forvaltninga som ein innfallsport eller inngang til verneområdet. Dei ulike innfallsportane har ulike brukargrupper. Nokre plassar er det busslastar med cruiseturistar – kva vil dei forvente seg? Andre plassar er det kanskje mest fjellvante turgåarar – kva vil dei forvente seg?

Fleire av parkeringsplassane gir eit litt ”tilfeldig” inntrykk: kvar startar og sluttar parkeringsplassen, er det bord og benkar, er det toalett, er det informasjon? Er det tilrettelagt for ulike brukargrupper, som barnevogn eller rullestol? Kva informasjon bør ein kunne finne om verneområdet eller om turmogelegheiter?

Fram til no studentar skrive om følgjande innfallsportar: Bergset (Krundalen i Luster), Tungestølen (Veitastrond i Luster), Kjenndalen og Bødalen (Lodalen i Stryn), Briksdalen (Stryn) og Bøyabreen (Fjærland).

Inneverande år (2015/16) skriv ein gruppe studentar om Haugadalen i Jølster. Vi ser fram til resultatet, og er glade for å samarbeide med studentar og fagfolk ved HiSF.

Her kan ein følgje lenkja til studentoppgåvene.

(Publisert:18.12.2015 Sist endret:18.05.2017)