Tiltak i nasjonalparken i 2018

Sunndalen
Sunndalen

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre prioriterer også i år ei rekkje tiltak som kan auke tilgjenge for folk og dyr i verneområdet. Styret fekk kr 870 000,- over statsbudsjettet, via Miljødirektoratet, til tiltak som kan opprettholde og styrkje verneverdiane. Det største tiltaket i år er restaurering og oppgradering av den gamle driftevegen i Sunndalen i Stryn kommune. Slik skal beitedyra lettare komme seg til setra og gjere den viktige jobben med å skjøtte kulturlandskapet.

Nasjonalparkstyret har satt av kr 700 000,- til driftevegen i Sunndalen. Dette er den ruta inn til Sunndalssetra som kyr og sau tradisjonelt har brukt, men som no er forfalt såpass mykje at gardbrukarane som fører dyr fram og tilbake er uroa for dyrehelsa. Kyrne er ikkje like lette på foten som dei var for 200 år sida, og trygg føring av beitedyra er viktig for å beite setrevollen på Sunndalssetra. Både arbeidsleiing og stein-og vegarbeidet er ute på anbod.

Det har fleire sommarsesongar også vore utfordringar med manglande toaletthøve ved Supphellebreen i Fjærland. Dette er ein populær destinasjon for turistar, og det kjem gjerne fleire busslastar per dag i høgsesongen. Besøkande får nærkontakt med breen, men det har blitt ei utfordring for både husdyr, lokale og for bygda med søppel, lukt og "etterladenskapar" frå tilreisande. Nasjonalparkstyret har løyvd kr 55 000,- til Fjærland bygdelag, for å kunne setje i gong strakstiltak. På lengre sikt bør kommunen ta ansvar, uttalar nasjonalparkstyret.

Støtte til å produsere og distribuere breturkartet har også blitt prioritert av nasjonalparkstyret i år. Breturkartet blir laga av Norsk Bremuseum i eit stort opplag kvart år, og gir gratis informasjon til turistar om reiseliv, friluftsliv og informasjonspunkt rundt Jostedalsbreen. Her kan du sjå breturkartet.

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre har også satt av midlar til disse tiltaka i 2018:

Rydding av sti i Bøyadalen. Ansvarleg: Fjærland bygdalag. Kr 25 000,-

Plan og analyse for stien til Kattanakken. Ansvarleg: nasjonalparkstyret. Kr 30 000,-

Inforskilt langs nasjonale turistveger. Ansvarleg: nasjonalparkstyret. Kr 10 000,-

Bru langs stien mot Haugabreen i Stardalen. Ansvarleg: nasjonalparkstyret. Kr 50 000,-

For protokollen etter møtet i nasjonalparkstyret, sjå her.

 

(Publisert:19.04.2018 Sist endret:26.06.2018)