Forvaltningsplan


Forvaltningsplanen skal utdjupe og presisere dei einskilde verneforskriftene. Nasjonalparkstyret er ansvarleg for utarbeiding av forvaltningsplanen. Planen er eit praktisk hjelpemiddel som skal sikre ei heilskapleg forvaltning. Planen gjev konkrete forvaltnings- eller bevaringsmål for området, retningsliner for bruk, informasjon, skjøtsel og tilrettelegging. På denne måten bidreg forvaltningsplanen til å oppretthalde og fremje naturverdiane i verneområdet.

Forvaltningsplanen for Jostedalsbreen er no under revisjon! Vi holdt opne bygdemøte på stadane rundt nasjonalparken vinteren 2014 for å få innspel i oppstartsfasen av planprosessen. Det var ein god erfaring å treffe folk som bur og har sitt levebrød i og rundt Jostedalsbreen, og sekretariatet vil halde tilsvarande bygdemøte når planen kjem ut på høyring. Forvaltningsplanen blir ført i pennen av nasjonalparkforvaltaren.

Den eksisterande forvaltningsplanen for Jostedalsbreen nasjonalpark frå 1994 finn du her.