Om nasjonalparken

Utsikt til innsikt.
Utsikt til innsikt.

Jostedalsbreen nasjonalpark


Jostedalsbreen er ein stor platåbre med mange brearmar og er det største breen på fastlandet i Europa. Nasjonalparken inneheld òg mange andre mindre brear. Breane og smeltevatnet har danna ein mengde med morenar og andre geologisk interessante formasjonar. Heile området er særmerkt med dei store kontrastane over korte avstandar frå fjordar og frodige stølsdalar til karrige fjell- og breområde. Sprudlande bekkar, elver og fossar i fjellsidene og dalane kjenneteiknar området. Nasjonalparken er eit av dei største områda med kvalifisert villmark som er att i Sør-Noreg. Jostedalsbreen vert nytta til friluftsliv, undervisning og forsking. Nokre av brearmane er av dei mest vitja turistattraksjonane i Noreg. I dalane kring breen er det eit aktivt jordbruk.

Dalføra Sunndalen, Erdalen og Bødalen vart med i nasjonalparken i 1998 etter at Stortingen gjennom verneplan IV for vassdrag avgjorde at Stryne- og Loenvassdraget (Breheimen-Stryn) ikkje skulle byggjast ut. Nigardsbreen naturreservat (28km2, oppretta i 1985) grensar til nasjonalparken.

 Kvifor vern?

Føremålet med Jostedalsbreen nasjonalpark er:

  • å verne eit stort, variert og verdfullt breområde med tilhøyrande område frå lågland til høgfjell, med plante- og dyreliv og geologiske førekomstar i naturleg eller i det vesentlege naturleg tilstand.
  • å gje høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt friluftsliv som er ilte avhengig av teknisk tilrettelegging.
  • å verne om kulturminne og kulturlandskap.

 

Velkommen til Jostedalsbreen nasjonalpark!