Gjende frå Besseggen Foto: Thor Østbye - SNOSmørstabbtindane Foto: Magnus SnøtunBarnas Naturoppsyn i Ringsdalen. Verdas flottaste klasserom? Foto: Magnus SnøtunVettisfossen - 275 meter fritt fall frå fjellet og ned i gjelet. Foto: Thor ØstbyeNyrestaurert steinbu ved Leirvassbu med utsyn mot Kyrkja Foto: Magnus SnøtunVillreinflokken på Berdalsfjellet. Foto: Magnus Snøtun

Jotunheimen og Utladalen

 - Jotnar på Noreg sitt tak og øksehogget i vest


«Jøtunheimen» døypte Aasmund Olavsson Vinje fjella her i 1862, inspirert av det ville landskapet og norrøn mytologi. Jotnane – trolla – har heimen sin her. Jøtunheimen vart seinare til Jotunheimen, det namnet vi brukar i dag på dette mektige området med dei høgaste fjella i Nord-Europa.

Biletgalleri


Abonner på nyhende frå nasjonalparkstyret: Klikk her 


Nyhende

Utedag med friluftsstudentar

2.års studentar ved HISF innan idrett og friluftsliv.

  Det har vorte ein tradisjon at forvaltningsknutepunktet i Luster tek ein utedag med friluftslivsstudentane frå Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal. I år gjekk turen mot Molden.

(Publisert:24.05.2017)

Stirestaurering i Jotunheimen nasjonalpark - anbod

Fylkesmannen i Oppland ber om pristilbod på stirestaurering i Jotunheimen nasjonalpark for sommaren 2017. Leverandøren må ha spesialkompetanse på stirestaurering ved bruk av stadeigen stein. For fullstendig utlysing, sjå (lenke til pdf-en i vedlegget). Frist: 9. juni.2017.

(Publisert:22.05.2017 Sist endret:24.05.2017)

Styreseminar om besøksforvaltning

Nasjonalparkstyra for Breheimen, Jostedalsbreen og Jotunheimen inviterer til felles samling for å arbeide med temaet besøksforvaltning. Aktuelle spørsmål vi skal jobbe med er kven som besøker områda våre, og korleis kan vi tilpasse informasjonen til dei ulike brukargruppene.

(Publisert:28.03.2017 Sist endret:24.05.2017)

Villrein og påskeutfart

Villrein i Hurrungane

  Påska er i gang og mange er på fjelltur om dagen. Tidlegare i vinter vart det sendt ut varsel til turgåarar om å finne alternative stadar å reise på tur enn Hurrungane. Det skuldast den spesielle vinteren me har hatt i vinter med mildver heil opp på fjellet. Toppturfolket har vist stor forståing for dette varselet og halde seg vekke frå villreinområda nå i vinter. Takk til alle ...

(Publisert:11.04.2017 Sist endret:24.05.2017)

På pudderjakt? – vis omsyn til villreinen

Villreinen i Hurrungane

Me har ein spesiell vinter i år med mildver langt inn i seinvinteren. Den luftige pudderen har pakka seg saman og har gjeve utfordringar både for skifolket på pudderjakt og villreinen på matjakt. Difor kjem vi med ei oppmoding: Ta særleg omsyn til villreinen - finne alternative toppturar til Hurrungane.

(Publisert:01.02.2017 Sist endret:24.05.2017)

Ny Outtt-Jotunheimen tilgjengeleg på nett

Nye nettløysinga for Outtt-Jotunheimen

  Outtt.com har laga ein ny versjon av nettløysinga for Jotunheimen og Utladalen. Her er mange opplevingar flott presentert med skildring, bilete og kart.  Lenke til sida: outtt.com/Jotunheimen

(Publisert:27.01.2017 Sist endret:24.05.2017)
Vis nyhetsarkiv