Kommunalt kartverk

     


 

Meir og meir informasjon vert tilgjengeleg gjennom digitale kart. Mykje nyttig og naudsynt informasjon finn ein i dei kommunale kartportalane.

Lom, Luster, Vågå, Årdal og Vang deltek i eit utstrakt regionalt samarbeid. Lom og Vågå er knytt til Regionrådet for Nord-Gudbrandsdalen, Vang er knytt til Regionstyret for Valdres og Luster og Årdal er knytt til Sogn regionråd. Som ei vidareføring eller som del av dette samarbeidet, er offentlege digital kart frå kommunen publisert og tilgjengelege gjennom felles kartportalar. Her finn ein mellom anna reguleringsplanar, flyfoto, grunnkart, temakart og flaum- og skredsikringstiltak i tillegg til mykje anna kartinformasjon.

Kartinformasjon om kommunane Lom og Vågå er samla i kartportalen www.kart.regiondata.no, Vang i http://www.valdreskart.no/ mens kartinformasjonen om kommunane Luster og Årdal er samla i kartportalen http://www.sognekart.no/.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:22.03.2018)