Kulturminnekart

DyregravÅ ta vare på kulturminne er ein del av verneformålet med både Breheimen nasjonalpark og dei tilgrensa landskapsvernområda. Det er fleire registrerte automatiske kulturminne innan verneområde og det vert stadig gjort nye funn. Desse er sikra gjennom kulturminnelova og både forvaltninga og brukarar skal ta omsyn til desse verdiane. Det gjeld både omsyn ute i terrenget og ved planlegging av tiltak.

Askeladden er ein nasjonal kartbasert database for automatisk freda og vedtaksfreda kulturminne som vert drifta av Riksantikvaren. For å få tilgang til denne basen må du registrere deg som brukar. Klikk her for å kome til innlogging på Askeladden.

I tillegg til dei kulturminna knytt til kulturminnelova (automatisk freding og vedtaksfreding), er det også yngre kulturminne som ein må ta omsyn til og som har verdi for samfunnet. Det er mange og ulike register for yngre kulturminne. T.d. er SEFRAK ei nasjonal registrering av bygningar som er meir enn 100 år. Blant anna Fylkesatlas gjer kartoversikt i dette registeret.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:22.03.2018)