Vernekart

Flaten og Vetti gard i Utladalen
Flaten og Vetti gard i Utladalen, Foto: Rigmor Solem - SNO

 

Grensesetting er ein viktig del av verneprosessen. Prosessen startar med eit utgreiingsområde som er merka på kart. Gjennom prosessen vert den endelege avgrensinga for verneområde vedteke saman med verneforskrifta.

Verneforskrifta viser til grenser som går fram av kart i målestokk 1:50 000 datert Direktoratet for naturforvaltning 2004. Eit oversynskart basert på 1:250 000 er utarbeida av direktoratet.

Etter verneforskrifta skal dei nøyaktige grensene merkast i marka og knekkpunkta skal koordinatfestast.