Møtekalender


FjellvåkMøte i Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen er opne offentlege møte. Sekretariatet sender innkalling til styret per mail med sakspapir i tillegg til at møtet vert offentleg tilgjengeleg på styret si nettside.

Etter møtet vert det ført protokoll som er tilgjengeleg på styret sine nettsider. Dette er grunnlag for utsending av vedtaksbrev. Protokoll og vedtaksbrev vert sendt per mail til DN, Fylkesmannen og kommune som er involvert. Offentlege dokument som ikkje er unnateke frå offentlegheita kan søkast opp via offentleg elektronisk postjournal (OEP).