Fagleg rådgjevande utval


Fordi forvaltning av verneområde krev samhandling mellom mange aktørar, skal det oppnemnast eit fagleg rådgjevande utval. Det rådgjevande utvalet skal vere samansett av representantar for dei ymse interessene i området, som bl.a. grunneigarar, andre offentlege organ som det særleg vedkjem (t.d. fjellstyre), næringsliv og frivillige organisasjonar.

Det har vore tradisjon for å samle lokale interesser og andre brukarinteresser ein gong i året for å diskutere saker, evaluere året som har gått og starte planlegginga av neste år. Under er ei skildring av tilsynsutvala knytt til Jotunheimen og Utladalen. 

Samansetninga av fagleg rådgjevande utval er bestemt av nasjonalparkstyret. Under er ei opplisting av innkalling og referat frå dei siste møta.

  2011 2012 2013 2014 2015
Dato 28.09 21.09 12.09  08.09 16.09
Innkalling X X X X X
Referat X X X X X
(Publisert:29.11.2011 Sist endret:02.11.2015)

Tilsynsutvala i Jotunheimen og Utladalen

Styremøte

Ved oppretting av Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde 5.desember 1980, vart det i verneforskriftene bestemt at det skulle opprettast tilsynsutval i kvar kommune som hadde areal i verneområde. Dette er ikkje med i gjeldande forskrifter og tilsynsutvala vart dermed nedlagt frå ny forskrift vart gjeldane 14. november 2014.

(Publisert:02.11.2015)