Årsrapport 2019 - Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen

Nasjonalparkstyret på synfaring til Vettisfossen 21.06.19
Nasjonalparkstyret på synfaring til Vettisfossen 21.06.19

Nasjonalparkstyret for 2016-2019 fortener ein stor takk for gode diskusjonar og konstruktive møte i styreperioden som snart er over! Sitjande styre fungerer inntil nytt styre er oppnemnd.  I samband med styremøtet 21. juni vart det gjennomført synfaring i Utladalen LVO, opp til den gamle utsiktsplattforma mot Vettisfossen. Utsiktspunktet er prega av forfall, og ny tilrettelegging her er blant sakene ein må jobbe vidare med i det nye styret. 

Nasjonalparkstyret har hatt 6 styremøte og 2 AU-møte i 2019, og behandla i alt 44 styresaker og 2 AU-saker. I tillegg kjem saker behandla administrativt. Heile årsrapporten kan du lesa her.

(Publisert:23.01.2020 Sist endret:24.02.2020)