Besseggen - rapport om brukarundersøking

Det mest populære i Jotunheimen nasjonalpark; Gjendebåten og Besseggen
Det mest populære i Jotunheimen nasjonalpark; Gjendebåten og Besseggen, Foto: Kari Sveen

I 2019 vart det gjennomført brukarundersøking ved dei mest brukte innfallsportane til Jotunheimen og Utladalen. For Besseggen er det gjort utfyllande registrering, som grunnlag for vurdering av å søkje status som Nasjonal Turiststi.
Rapport om Besseggen er nå ferdig.

Datainnsamlinga skjedde sommaren 2019, med utplassering av sjølvregeistreringskasser ved dei mest brukte innfallsportane. I tillegg vart lagt ut registreringskort på parkerte bilar ved Juvvasshytta og på Reinsvangen nokre utvalde dagar gjennom sesongen, for å få ekstra opplysningar om dei to mest brukte turmåla i nasjonalparken; Galdhøpiggen og Besseggen.

Hausten 2019 vart det sendt ut utfyllande spørsmål som e-post til dei som hadde registrert seg. Innsamla data er analysert og formidla i ein brukarrapport utarbeidd av Birgitta Ericsson i Østlandsforskning og Marit Vorkinn hos Fylkesmannen i Innlandet.

Besseggen har nå fått sin eigen brukarrapport, som gjev nyttig bakgrunnskunnskap både for besøksforvaltninga i nasjonalparken og for reiselivet. Rapport for den samla undersøkinga kjem seinare.

(Publisert:27.03.2020 Sist endret:17.04.2020)