Rapport brukarundersøkingar Jotunheimen 1992-2019

Sjølvregistreringskasse brukarundersøking - Veodalen
Sjølvregistreringskasse brukarundersøking - Veodalen, Foto: Odd Repp

I 2019 gjennomførte vi brukarundersøking ved dei mest brukte innfallsportane til Jotunheimen og Utladalen. Dette er fjerde brukarundersøkinga for Jotunheimen, og i den nye rapporten Jotunheimen 1992-2019 kan vi sjå utviklinga over ein periode på nesten 20 år. Forfattar er Marit Vorkinn, som også har hatt ansvar for dei tidlegare brukarrapportane for Jotunheimen.

Rapporten viser m.a. at Jotunheimen er ein nasjonalpark eit yngre publikum og fleire nasjonalitetar enn naboen Rondane i aust. I 2019 vart det registrert besøk frå heile 54 nasjonalitetar; ei dobling frå 1992 da vi hadde 27 ulike nasjonalitetar registrert! Mange som kjem til Jotunheimen er her for første gong, og dette medfører stort behov for informasjon. Dei fleste planlegg turen før dei reiser frå heime, og det betyr at informasjon via nett er viktigaste informasjonskanalen. Men gjestene ønskjer også skilt ved innfartsårene der dei går inn i parken, og vi arbeider med å fornye alle eldre tavler og skilt til nytt design.

Dei fleste er tilfredse med forvaltninga, men det vil likevel alltid vera forbetringspotensiale.
I enkelte område opplever fjellvandrarane at det til tider kan vera for mykje folk. Vi kan ikkje forby nokon å gå til fots, men positiv tilrettelegging og informasjon kan bidra til å spre besøkande også til andre område. Jotunheimen har ein høg andel uerfarne fjellvandrarar, og god informasjon om turvett og om kor krevjande dei mest besøkte turmåla er, vil nok verta ei viktig oppgåve framover.

Det kan vera mykje folk på Galdhøpiggen enkelte dagar Hurrungane
Du vel ikkje Galdhøpiggen i høgsesongen, om du helst vil vera åleine Storslått natur er blant hovudmotiva for å besøke oss

 

Metodikk:
Datainnsamlinga skjedde sommaren 2019, med utplassering av sjølvregeistreringskasser ved dei same innfallsportane som vart undersøkt i 1992, 2002 og 2010. I tillegg hadde vi ei ny kasse ved Torfinnsbu, og det vart lagt ut registreringskort på parkerte bilar ved Juvvasshytta og på Reinsvangen nokre utvalde dagar gjennom sesongen, for å få ekstra opplysningar om dei to mest brukte turmåla i nasjonalparken; Galdhøpiggen og Besseggen.

For Besseggen vart det gjort utfyllande registrering, m.a. som grunnlag for vurdering av å søkje status som Nasjonal Turiststi. Rapport om Besseggen kom i mars.

Hausten 2019 vart det sendt ut utfyllande spørsmål som e-post til dei som hadde registrert seg. Innsamla data er analysert og formidla brukarrapporten som er utarbeidd av Marit Vorkinn hos Fylkesmannen i Innlandet i samarbeid med forvaltninga og Birgitta Ericsson i Østlandsforskning.

 

(Publisert:10.07.2020)