Brukarundersøking i Jotunheimen 2019-2020

Sjølregistreringskasse ved Besseggenstigen
Sjølregistreringskasse ved Besseggenstigen, Foto: Knut Øyjordet - Vågå fjellstyre

I sommar vil gjestene til Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde finne sjølvregistreringskasser for brukarundersøking ved dei mest brukte innfallsportane. I tillegg vil det bli lagt ut registreringskort på parkerte bilar ved Juvvasshytta og på Reinsvangen nokre utvalde dagar gjennom sesongen, for å få ekstra opplysningar om dei to mest brukte turmåla i nasjonalparken; Galdhøpiggen og Besseggen. Det er ei eiga brukarundersøking om Besseggen, som grunnlag for vurdering av å søkje status som Nasjonal Turiststi, men dei to delundersøkingane er samordna.

Sjølregistreringskassa i Veodalen

Kassa i Veodalen. Foto: Odd Repp

Desse enkle svarkorta som kjem inn i kassene blir fylgde opp av ei utyllande e-postundersøking til dei som oppgjev mailadresse på kortet.

Dette er fjerde runde med brukarundersøkingar for Jotunheimen. Det er utført tilsvarande undersøkingar med om lag ti års mellomrom. På grunnlag av undersøkingar gjort i 1992, 2002 og 2010 vart det utarbeidd ein rapport, som du finn nedst på sida her.

Ein vil finne sjølvregistreringskasser ved følgjande innfallsportar:
- Gjendesheim
- Veodalen
- Visdalen
- Leirdalen
- Sognefjellet
- Turtagrø
- Utladalen
- Mjølkedalen/Eidsbugarden
- Torfinnsbu.

Vi ønskjer å finne ut meir om bruken av nasjonalparken, og vonar at flest mogleg av dei besøkande fyller ut spørjeskjema. 


(Publisert:03.07.2019)