Droneflyging er forbode i Jotunheimen og Utladalen

Ulovleg droneflyging over Galdhøpiggen
Ulovleg droneflyging over Galdhøpiggen, Foto: Kristine Sørlie

Denne veka har ei sak om ulovleg flyging med drone blitt omtala av media i Gudbrandsdalen. Dette er ei ny problemstilling og regelverket er nok ikkje kjent for alle. Nasjonalparkstyret ønskjer ikkje å politianmelde dette konkrete forholdet, men i staden nytte høve til å informere om regelverket og vurderingane til nasjonalparkstyret. 


Arbeidsutvalet for Nasjonalparkstyret for Jotunheimen har i møte 20.mai behandla to søknadar om bruk av drone til filming i Jotunheimen nasjonalpark. Droner kan ta flotte bilete frå lufta av folk på tur, interessante objekt og landskap. Det skapar også mindre forstyrringar enn å bruke helikopter til å ta dei same bileta.

Men droner påverkar både dyrelivet og folk i nærområdet. Hekkande fugl og villrein vil bli forstyrra dersom ein kjem for nær. Folk som er på tur for å oppleve natur og stillheit vil oppleve ei drone som forstyrrande, kanskje særleg fordi han kjem nær og er førarlaus. 

Bruk av drone er forbode i både Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde. Deler av verneområdet har særleg sårbar natur, mens andre deler er særleg viktige friluftsområde. Sidan forskrifta ikkje har spesielle reglar for unntak, er det strenge reglar for å få dispensasjon til å bruke drone. Produksjon av naturfilm og naturinformasjon har tidlegare fått løyve til bruk av helikopter til filming, delvis også filming av området til destinasjonsfilming for marknadsføring av reiselivet. I slike tilfelle kan bruk av drone ha mindre påverknad enn alternativet med helikopter. Men filming med drone til privat bruk, dokumentering av aktivitet, marknadsføring av einskildaktivitetar og bedrifter mm., ønskjer ikkje nasjonalparkstyret å opne opp for i verneområda.

Kom gjerne å opplev naturen i Jotunheimen og Utladalen, ta med vener og kjente, og ta omsyn til naturen og andre brukarar av området. Opplevingane er framleis best «live» og ikkje på skjerm. 

(Publisert:10.06.2016 Sist endret:27.06.2017)