Dugnad for eventyrtrea i Utladalen
Skjøtsel av gamalt styvingstre i Utladalen., Foto: Rigmor Solem - SNO
Veke 6 var det dugnad for å ta vare på eventyrtrea, såkalla styvingstre, i Utladalen. Styvingstrea er flotte å sjå på, dei vitnar om lang kulturhistore, og kan huse både trua og sårbare artar av sopp, lav, insekt og fugl.
Statens naturoppsyn og Utladalen Naturhus jobba med styvingstrea i Avdalen og Hedlerli sist veke. Det vart også laga "nystyva" almetre i bakken ned mot Høljafossen og i lauvenga mellom Hagaberg og Avdalen. Slik tek ein vare på, og skapar nye viktige levestader for ulike artar, samstundes som ein opnar opp landskapet og tek vare på ein viktig del av kulturhistoria vår.

|
Nystyva almetre ved Høljafossen. Foto: Rigmor Solem - SNO
|
Styva alm i Utladalen landskapsvernområde. Foto Rigmor Solem - SNO |
|
Du kan lese meir om skjøtsel av kulturmarka i Utladalen her: http://www.nasjonalparkstyre.no/Jotunheimen/Nyhende/Kulturmarkskjotsel-i-Utladalen/
(Publisert:17.02.2021)