Fagleg rådgjevande utval samla på Eidsbugarden

Fagleg rådgjevande utval
Fagleg rådgjevande utval, Foto: Kari Sveen

Fagleg rådgjevande utval hadde sitt årlege møte på Eidsbugarden 22.-23. august.

Møtet starta med orientering om området ved medlemmene frå Vang, Jon Lerhol og Lars Skrinsrud. Leif Solemsli frå Vang representerte Nasjonalparkstyret under samlinga.

Fagleg rådgjevande utval utveksla erfaringar frå året som har gått sidan førre møtet, og deretter var det revisjon av forvaltningsplanen som stod i fokus. Andre møtedagen vart avslutta med synfaring innover Koldedalen, der parkeringsspørsmålet vart drøfta nok ein gong.

(Publisert:02.09.2016 Sist endret:11.04.2017)