Følg Lars Monsen i Jotunheimen - minutt for minutt

Fannaråken
Fannaråken, Foto: Kari Sveen

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen har opna for at NRK får nytte nødvendige tekniske hjelpemiddel for produksjon av TV-programmet "Lars Monsen - minutt for minutt". GD fortel meir om ruta og om turopplegget: https://www.gd.no/nyheter/friluftsliv/tv/denne-ruta-i-jotunheimen-skal-lars-monsen-ga-i-sommer/s/5-18-657696 

Alle som vil kan følgje Monsen på turen. Du kan velja å gå heile ruta, eller berre slå følgje ein time eller to. Turen går frå 18.-22. juli, og skal innom desse plassane: Bøvertun – Sognefjellhytta – Fannaråkhytta – Skogadalsbøen – Fleskedalen – Vetti Gard. Avstikkaren til Fannaråken er avhengig av at det blir brukbart ver, og det er alternativ rute ved dårlege verutsikter.
Turen er også ein del av jubileumsmarkeringa til DNT, som fyller heile 150 år i 2018.

 

 

(Publisert:08.05.2018 Sist endret:09.09.2018)