Frist for behandling av søknadar

Frister for behandling av søknad om dispensasjon frå verneforskriftene: 

  • Saker til nasjonalparkstyret: 3 veker før møtedato
  • Saker til arbeidsutvalet: 1 veke før tiltak
  • Saker til administrativ behandling: 1 veke før tiltak.

Saka sitt omfang, type mm. avgjer om saka kan behandlast administrativt, av AU eller om heile styret må behandle saka. 

Bakgrunn for fastsette tidsfristar er krav til kunnskapsbasert forvaltning og vedteke av nasjonalparkstyret 28.08.17. Søknader som kjem seinare enn desse fristane kan ikkje påreknast å bli behandla før planlagt oppdrag.

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen vedtok delegeringsreglementet til AU og administrasjon 11.05.16:

  • Delegering til administrasjon:
    Saker etter spesifiserte dispensasjonsreglane om ferdsel og motorferdsel i verneforskriftene. Unntak store og fleirårige løyve.
    Saker etter spesifiserte dispensasjonsreglar og etter naturmangfaldslova §48 som gjeld fornying av dispensasjon, der det er etablert forvaltningspraksis eller der forvaltningsplanen gjev eintydige føringar.
  • Delegering til arbeidsutvalet:
    Hastesaker der forvaltningsplanen tilseier at løyve kan/bør gjevast.
    Hastesaker av mindre byggjetiltak og terrenginngrep som t.d fasadeendring og mindre tilpassingar på eksisterande bygg og anlegg.

For akutte situasjonar som krev rask oppfølging for å hindre skader/ulemper, og der søkjar ikkje kunne hatt moglegheit for å planleggje, vil sakene likevel bli fylgde opp i samråd med forvaltarane og styreleiar.

(Publisert:05.09.2017 Sist endret:12.09.2017)