Profilering - Jotunheimen nasjonalpark som tilhøyrlogo

Nasjonalparkstyret har i møte 30. november vedteke å innføre ordninga med bruk av nasjonalparklogoen for Jotunheimen som kommersielt merke for bedrifter som oppfyller kriteria for ordninga fastsett av Miljødirektoratet. I tillegg gjeld kriteria fastsett for verneområda Jotunheimen og Utladalen. For å kunne søkje på ordninga må bedrifta ha forretningsadresse i ein av kommunane med areal innan nasjonalparken: Lom, Luster, Vang, Vågå og Årdal.

Dei sentrale kriteria for bruk av tilhøyrlogo finn du under designmanualen for Norges nasjonalparker. Her kan du og laste ned søknadsskjema.

Nasjonalparkstyret har fastsett retningslinjer gjeldande for Jotunheimen.

(Publisert:04.12.2020 Sist endret:17.02.2021)