Kulturmarkskjøtsel i Utladalen

Styving i Utladalen
Styving i Utladalen , Foto: SNO

På vestlandsgardane var lauv og bork frå ulike lauvtre tidlegare hausta og nytta som for til husdyra. Trea blei hausta (styvd/lauva) så høgt at dyra ikkje beita gjenveksten. Styvingstrea danna karakteristiske element i landskapet, og mange har vel sett måleriet Seljekallen av Nikolai Astrup, der eit slik styvingstre med mange greiner ut frå styvingspunkta er hovudmotiv.

I Utladalen landskapsvernområde er skjøtsel av styva alm og lind blant arbeidsoppgåvene for å oppretthalde det mangfaldige kulturlandskapet i dalen. Lauving skjedde på seinsommaren, da bøndene hausta greiner og bunta dei i hop til lauvkjerv som vart lagra på ein tørr plass for foring av geit og sau gjennom vinteren.  Haustinga kunne også vera rising utpå seinvinteren, der ein haustar unge greiner og kvist. Det verkar som dei gamle trea toler rising betre enn lauving, og i Utladalen blir treskjøtselen gjennomført som rising. I februar var arbeidsgjengen på plass, under leiing av Rigmor Solem i SNO.

Arbeidsgjengen februar 2020  Styvingstre

Slik haustingsskog er i våre dagar ei sjeldan vegetasjonstype. Haustingsforma vart gradvis borte ettersom mekaniseringa av landbruket utvikla seg, og det vart ikkje lenger ei lønsam driftsform. Styva tre kan bli mykje eldre enn tre som ikkje er styva. Gammal død ved og holrom i styvingstre gjer dei til viktige tilhaldsstader for både sopp, lav, mosar, insekt og holerugande fuglar. Innhole tre kan også fungere som yngleplassar for flaggermus.

 

 

 

 

(Publisert:24.02.2020 Sist endret:19.03.2020)