Leif Solemsli ny leiar i nasjonalparkstyret

Leif Solemsli - ny leiar av Nasjonalparkstyret
Leif Solemsli - ny leiar av Nasjonalparkstyret

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen hadde konstituerande styremøte 18.mars. 
Leif Solemsli frå Vang vart vald som ny leiar i nasjonalparkstyret. Marit Sletten frå Lom vart vald til nestleiar. 

I tillegg vart det vald eit arbeidsutval med 3 medlemmer, som består av leiar, nestleiar og Hilmar Høl frå Årdal kommune. 

Vara i arbeidsutvalet er:
1. Trude Brosvik, Vestland
2. Kjersti Bjørnstad, Innlandet
I arbeidsutvalet er det ikkje personleg vara, men innkalling etter den nummererte rekkefølgja over.

Som følgje av situasjonen med coronavirus vart møtet gjennomført som nettmøte i MS Teams.
Dette gjekk fint, til trass for litt tekniske problem i starten. 

Styret består av 4 menn og 3 kvinner:

Medlem

Varamedlem

Representerer

Leiar Leif Solemsli
(Formannskapsmedlem,
Bygdelista i Vang)

Kristin Bakke Lajord
(Sp)

Vang kommune

Nestleiar Marit Sletten
(Varaordførar, Sp)

Rolv Enersvold
(Sp)

Lom kommune

Hilmar Høl
(Ordførar, Ap)

Anne Kauppi
(Ap)

Årdal kommune

Ivar Kvalen
(Ordførar, Sp)

Marit Tennø
(Sp)

Luster

Harald Sve Bjørndal
(Ordførar, Bygdalista)

Live Langøygard
(Ap)

Vågå

Kjersti Bjørnstad
(Sp)

Svein Håvar Korshavn
(H)

Innlandet

Trude Brosvik
(Krf)

Aleksander Øren Heen (Sp)

 

Vestland

(Publisert:19.03.2020 Sist endret:27.03.2020)