Ny medarbeidar i Jotunheimen

Johannes P. Skahjem ny kollega for Kari Sveen
Johannes P. Skahjem ny kollega for Kari Sveen

Omsider fekk vi inn ein vikar for Eldrid Nedrelo! Etter at Magnus Snøtun slutta i oktober i 2018 har forvaltarstillinga på vestsida stått i vakanse. 14. oktober 2019 begynte Johannes P. Skahjem i vikariat som nasjonalparkforvaltar for Jotunheimen hos Fylkesmannen i Vestland.

Johannes har utdanning i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur ved Høgskolen på Vestlandet, og har ein tidsavgrensa permisjon frå stillinga som arbeidseleiar/prosjektleiar hos stiftinga Utladalen Naturhus. I Utladalen har han hatt ansvar for m.a. skjøtsel av kulturlandskapet, og han har vore engasjert i arbeidet med brukarundersøkinga for Jotunheimen, som har pågått med omfattande datainsamling i sommar. Johannes er derfor allereie ganske godt kjent med arbeidsoppgåvene i våre to verneområde.

Johannes vil arbeide 80 % hos oss fram til den faste forvaltaren, Eldrid Nedrelo, kjem på plass etter barselpermisjonen.
Det har vore ei krevjande periode, med berre halv bemanning i sekretariatet i over eitt år. Dette har medført nedprioritering av både arbeidet med forvaltningsplanen og ein del andre saker, og vi er svært glade for at det omsider kom på plass ein vikar! Johannes har kontor saman med dei andre forvaltarane på knutepunktet i Gaupne, men vil også kunne treffast i Utladalen der han har behalde ein mindre stillingsprosent for å oppretthalde kontinuiteten i arbeidet ved Naturhuset.

(Publisert:24.10.2019 Sist endret:04.11.2019)