Nye skilt over Besseggen

Nye skilt over Besseggen
Nye skilt over Besseggen, Foto: Magnus Snøtun

Då er nye skilt over Besseggen på plass. Her er enkel informasjon om kva ein bør ha med seg i sekken, kor langt ein har gått og kor langt det er att.

Bakgrunnen for å sette opp skilt langs Besseggen er den voldsame auken i talet på fjellvandrarar dei seinare åra.

Informasjonsskilt om naudsynt utstyr langs Besseggen

  Foto: Utstyrsmannen viser kva dei
  besøkande bør ha med seg på turen
  over Besseggen.

Frå 1990-talet og fram til om lag 2012 var talet på passasjerar på Gjendebåten mellom 30- og 35 000. Men dei siste åra har talet auka mykje og i fjor løyste meir enn 60 000 passasjerar billett. Dei aller fleste av desse går over Besseggen, helst frå Memurubu til Gjendesheim. 

Med fleire besøkande har også talet på redningsaksjonar auka. Besseggen er sterkt marknadsført av reiselivet og lev sitt eige liv på sosiale media. Dermed kjem mange med liten fjellerfaring som vil gå turen. Ikkje alle er budd skiftande ver eller at det faktisk er ein lang fjelltur. 

Saman med reiselivet rundt Gjende og redningstenesta, vert det i 2017 sett i verk ei rekke tiltak. Målet er å betre opplevinga for dei besøkande og gje betre informasjon. Ikkje alle er like flinke til å skaffe nok informasjon i forkant og dei må få hjelp undervegs. Skilta er eitt av tiltaka. Eit anna viktig tiltak er at reiselivet har engasjert Bessegg-vert som i helgene skal gå turen over for å informere og hjelpe dei som treng hjelp. 

Tanken bak dei fem skilta er at dei besøkande skal bli betre til å vurdere kor lang tid dei vil bruke på resten av turen. Dersom det går for seint eller veret er for dårleg, skal dei nå vere betre rusta til å ta valet om å snu i tide. Samtidig er det viktig at besøkande som har planlagt turen får moglegheit til å prøve seg og får ei oppleving og ein selfie. Derfor er dei første to skilta utforma som "snu i tide"-skilt. 

(Publisert:27.06.2017 Sist endret:12.09.2017)