Nye verneforskrifter for Jotunheimen og Utladalen

"Home of Giants"
"Home of Giants", Foto: Kari Sveen

Regjeringa vedtok i statsråd 14.11.2014  gjennom kgl. res. nye verneforskrifter for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde.

Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde vart oppretta ved kgl. res. 5. desember 1980. Etter som tida har gått vart det behov for oppdatering av dei gamle verneforskriftene. Grensene for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen er ikkje endra, men det er laga eit nytt vernekart i samband med ny kgl. res. 

Med nye verneforskrifter på plass vil arbeidet med forvaltningsplanen for Jotunheimen og Utladalen for godkjenning i Miljødirektoratet bli sluttført.


Føremålet med vernet er sentralt i verneforskriftene og for forvaltninga av verneområda. Dette står som §1 i begge verneforskriftene. Dei nye verneforskriftene er skrive etter nye malar og meir detaljert enn dei gamle føremålsparagrafane. Strekpunkta under §1 er viktige føremål for vernet. I tillegg til naturverdiane som er lista opp og som vart famna av den gamle formuleringa, er kulturminne kome med som verneførmål i nasjonalparken og kulturlandskapet i landskapsvernområdet.

I tillegg er "...høve til uforstyrra naturopplevingar gjennom naturvenleg og enkelt friluftsliv..." eit verneformål. 

Samtidig er andre interesser tekne ut av føremålsparagrafen:

  • §1 i gamle forskrift om Jotunheimen NP: "...innafor visse rammer vere høve områda skal kunne nyttast til landbruk, friluftsliv, jakt og fiske, undervisning og forskning...".
  • §1 i gamle forskrift om Utladalen LVO: "...samstundes som områda skal kunne nyttast til landbruk, friluftsliv, jakt og fiske."

Den generelle omtalen av utøving av desse interessene er nå lik i dei to verneforskriftene og ein finn det nå i slutten av første avsnitt i §3: "...er det innafor ramma av vernereglane høve til å utøve landbruk, friluftslivturisme, jakt og fiske, undervisning og forskning.". Departementet slår fast at næringsverksemd ikkje er eit føremål for vernet, men kan utøvast innanfor regelverket. 

Etter dei gamle forskriftene var kommunevise tilsynsutval sentrale i forvaltninga av verneforskriftene. Dei nye forskriftene omtalar ikkje tilsynsutval og interessene knytt til grunneigarane og organisasjonar vil nå bli representert i fagleg rådgjevande utval. Nasjonalparkstyret må vurdere samansetninga av dette utvalet på nytt.  

(Publisert:18.11.2014 Sist endret:22.05.2017)