Offentleg høyring: Opprusting og utviding av Memurubu kraftverk

Eksisterande turbin i Memurubu kraftverk, opphaveleg produsert i 1914,
Eksisterande turbin i Memurubu kraftverk, opphaveleg produsert i 1914,, Foto: Magnus Snøtun
Overordna sakstype      Vasskraft
Sakstype
Opprustin og utviding
Status
Søknad
Tiltakshavar
Kjetil Sveine Memurubu kraftverk
Fylke
Oppland
Kommune
Lom
Vassdragsområde
002DGG1Z, MURU
Søkt produksjon
1,0 GWh

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen har motteke søknad om løyve til opprusting og utviding av Memurubu kraftverk i Lom kommune. Søknaden skal behandlast av nasjonalparkstyret etter verneforskrifta for Jotunheimen nasjonalpark, av Lom kommune etter plan- og bygningslova og av Oppland fylkeskommune etter laks- og innlandsfiskelova. Denne felles offentlege høyringa vil bli lagt til grunn for kvar av behandlingane og vedtaka. 

Høyringsfrist: 05.11.2018

Høyringsfråsegn kan sendast via e-post til fmoppost@fylkesmannen.no eller per post til Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen, Postboks 987, 2626 Lillehammer. Sjå her for orienteringsbrev til høyringspartane.

Synfaring 25.09.18:

Det vart gjennomført open synfaring av anleggsområdet tysdag 25.09.18. Totalt 9 personar stilt. Prosjektet vart presentert og alle deltakarane gjekk gjennom heile tiltaksområde frå kraftstasjon til ny omsøkt inntaksdam. Dialog undervegs om detaljar/utfordringar og vurdering av ulike løysingar. Referat frå synfaringa finn ein her.


Memurubu kraftverk nyttar i dag eit fall på 100m i Hestbekken med inntak på kote 1110 og kraftstasjon på kote 1010. Søknaden gjeld erstatning av dette anlegget som vart etablert i 1972 med eit nytt anlegg som er planlagt å nytte eit fall på 131m frå kote 1141 ned til kraftstasjonen på kote 1010. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på ei ca. 450 m lang elvestrekning i Hestbekken til samløpet med Muru. Vassvegen blir om lag 550 m som nedgraven røyrgate. Det er planlagt ombygging av eksisterande kraftstasjonen og anleggsveg langs røyrgate. Tiltakshavar har i etterkant lagt fram alternativ vassveg med røyr i dagen frå nytt inntak ned til eksisterande inntak og så følgje eksisterande trase ned til kraftstasjon. Det er då ikkje planlagt ny veg utanom langs eksisterande røyrtrase. 

Middelvassføringa i Hestbekken er berekna til 285 l/s, og kraftverket er planlagt med ei maksimal slukeevne på 143 l/s. Kraftverket får ein installert effekt på ca. 164 kW og vil etter planane gje ein årsproduksjon på om lag 0,995 GWh. All elektrisk kraft blir brukt lokalt då det ikkje er linjekopling mot det eksterne nettet. Det er planlagt slepp av minstevassføring på 6 l/s i sumarsesongen og 1 l/s om vinteren.